Finn Sandum
(?-)
Dagen

2021


Dagen vaknar. Dagen gryr,
stampar tungt og grånar.
Ljosnar opp litt imot kveld
med kvild bak mørke blånar.

Einsleg gjennom tunge tak
eg dag for dag må strida.
Sein og tung i kalde drag
over meg flyt tida.

Tung i kroppen, mørk i sinn
sein i ord og gange,
stamper eg i dagen inn
og gjennom timar lange.

Natta kjem med kvild og ro.
Sola søkk i hav.
Dagen døyr og går til ro,
med alt den tok og gav.

   
index